Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:3D39D87D@epostleser.online.no:
Meiner du det alvorlig? Dette er altfor langt til å vera brukande til noko som helst.
«Vevbaserte» og «USENET-baserte» diskusjonsgrupper er då ikkje så vanskelege å skilja mellom?
Nei, men uttrykket «USENET-baserte diskusjonsgrupper» er for langt.
«News» er etter mi meining direkte misvisande,
Ja, derfor kan/bør me ikkje bruka «nyheitsgrupper» elns.
(Mange vil dessutan le seg i hel, det er litt farleg det og ;-)
Ein god latter ...
Vi har ingen problemer med uttalen av «oppsprettsmeny».
For meg er «oppsprett» og «sprettopp» ~like gode ord. Dei er nøyaktig like lange, har like mange stavingar, og har same tydingsinnhald. Den *einaste* forskjellen er at eine har ein vanskeligare konsonantkombinasjon. Dette er for meg ein grunn til å velja det «lettaste».
Minst tre personar synest «oppsprett» kling betre og dessutan let seg uttala heilt greitt.
Sjølv synest eg eigentlig ingen av dei kling *betre*, men når orda er so like på *alle* måtar, meiner eg det beste valet er det med dei enklaste lydane.
Men dette er ikkje noko stor sak for meg. Eg synest ikkje «oppsprett» er noko dårlig ord.