Yngve Spjeld-Landro skreiv 19.06.2019 13:27:
Vyrde listemedlemmer, eg har kome over nemninga "cast". Eg reknar med at det er i tydinga å senda medieinnhald frå ei eining til ei anna. Finst det etablert omsetjing av ordet?
Det kjem an på kva du meiner med «etablert». Android brukar «cast»; Microsoft bruk brukar «strøm»/«strøym» («strøm til enhet»/«strøym til eining»).
Tradisjonelt har me brukt «kasting» som omsetting engelske «casting» i liknande tydingar, jf. eldre «kringkasting» og nyare «multikasting».
Men der det ikkje er spesielt viktig at det er spesifikk kastingsteknologi som vert brukt, er det vel meir naturleg å bruka meir daglegdags språk, eks. «Vis på TV» eller «Send video til TV».
Eg har sjølv vurdert skjermdeling, mediedeling, skjermsending. Men eg er ikkje heilt nøgd med desse vala.
Dette gjer det iallfall klart at du må finna ut nøyaktig *kva* funksjonalitet det er snakk om først. «Casting» av mediainnhald og «spegling»/«deling» av skjerm er to forskjellige ting, og som gjerne bør ha to ulike omsettingar. Viss det er snakk om å visa *skjerm*innhaldet på ei anna eining, er «skjermspegling» naturleg å bruka. Men det høver ikkje for «casting»!
Elles kan jo «cast»/«casting» òg ha andre tydingar. Reinholdtsen nemnte rollebesetning. Og i programmeringssamanheng vert «casting» brukt om (tvangs)omgjering frå ein datatype til ein annan (for eksempel frå flyttal til heiltal eller omvendt). Det har eg omsett til «(eksplisitt) typeomgjering».
Så før du vel omsetting – og dette gjeld sjølvsagt generelt – må du ha klart for deg kva ordet du set om, referer til.
Vennleg helsing Karl Ove Hufthammer