2010/3/3 Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
[Eg kommenterer vanlegvis ikkje svar på liste-e-post som ikkje vert sendt til e-postlista, men gjer eit unntak no for å klara opp nokre misforståingar.]
Det er fordi Gmail ikkje sender til e-postlista når ein trykkjer «Reply» eller «Reply to all». <.<
Sundag 28. februar 2010 20.28.57 skreiv du:
E-infinitiv eller a-infinitiv er valfritt innanfor læreboknormalen, sjølv om e-infinitiv gjerne er mest vanlig. Sjå òg Språkrådets bok «Godt språk i lærebøker». Det er mykje interessant lesnad der.
A-infinitiv er ikkje tillete i følgje nynorskordboka http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html.
Jo, det er tillate. Sjå for eksempel kva som helst nynorsk ordliste, ordbok, boka «Godt språk i lærebøker», eller til og med lenkja du viste til …
Me følgjer læreboknormalen strengt, og det er heilt utelukka å avvika frå denne. Dette gjer me blant anna fordi regelen om språk i lærebøker også gjeld *elektroniske* læremiddel, og me ønskjer at programvaren me set om skal kunna brukast i skulen.
Ser ut til at eg har misforstått. Eg har mest sannsynleg gått ut frå at a-infinitiv ikkje var lov sidan kløyvd infinitiv ikkje var lov og eg har aldri sett a-infinitiv i ei ordbok heller aldri vore brukt i lærebøkene eller av læraren.
Eg trudde ganske sterkt at a-infinitiv ikkje var lov og at retningslinjene hadde det pga. høgnorskpåverknad eller i den duren. Eg får trekkje tilbake forslaget sidan eg baserte det på ei misforståing. Mitt ønskje var å få nynorskomsettinga nærare læreboknormalen.
Ein kan ikkje alltid ha rett :)