Onsdag 4. februar 2009 skreiv Petter Reinholdtsen:
Karl Ove Hufthammer mener at dagens stavekontroll er av lav kvalitet, og at den blir bedre hvis vi dropper dagens orddatabase og i stedet bruker kun ordene fra ordbanken.
For dei som måtte lura på kor herr Reinholdtsen har fått dette frå, må dei nok spørra herr Reinholdtsen. Eg har iallfall ikkje skrive noko slikt.
Det hadde vært veldig interessant å vite om han har rett, men jeg vet ikke helt hvordan vi kan måle _kvaliteten_ på stavekontrollen, og dermed se om kvaliteten blir bedre eller dårligere. Noen som har ideer og er interessert i å lage en slik kvalitetssjekk? Det hadde vært veldig bra å ha for å se om nye versjoner gir bedre eller dårligere stavekontroll.
Eg forstår ikkje heilt kva du er på jakt etter. Viss ein lagar ein metrikk på dette, vil jo det gje forskjellige resultat avhengig av korleis du vel måla det. Viss du for eksempel vel å seia at stavekontrollen vert betre jo fleire ord han har, vil du få at kvaliteten heila tida aukar. Viss du målar talet på rettstava ord (korleis skulle du gjera det?), vil du då andre resultatet. Viss du målar talet på ord med fullstendige bøyingar, får du andre resultatet. Viss du målar kor raskt stavekontrollen er (i snitt / beste fall / verste fall) får òg andre resultatet. Det heile vil minna meir på trylling og tulling med tal.
Det som ville vore meir fornuftig er å forbetra kvaliteten på *prosessen*. So vil kvaliteten på resultatet betra seg av seg sjølv.
Sjølv er eg berre interessert i å laga min eigen stavekontroll basert på Norsk ordbank og ev. andre offisielle kjelder (stadnamn frå ein poststad-database, om det er tilgjengelig, for eksempel), og vil heller sysla med det. Andre kan gjera kva dei vil. :)