Hei!
Eg har i det siste arbeida ein del med å setta om Krita til nynorsk, og i dag kom versjon 4.2.5 ut, som er 100 % omsett til nynorsk!
*Kva er Krita?* Krita er eit fritt og gratis teikne- og måleprogram (òg kalla ei «digital teiknestove»), tilgjengeleg for Linux, Windows og Mac.
*Kor finn eg Krita?* Den offisielle heimesida finn du på https://krita.org/en/. Her kan du lasta ned programmet og lesa meir om det.
*Kva kan eg gjera med Krita?* Du kan laga flotte teikningar / digitale «måleri»! Her finn du eksempel på kva folk har laga med Krita:
* Krita-galleriet: https://krita.org/en/features/gallery/ * Intervju med Krita-brukarar: https://krita.org/en/features/artist-interviews/ * Teikneserien «Pepar & Gulrot»: https://www.peppercarrot.com/nn/ (dei første episodane er omsette til nynorsk, og fleire er på veg)
*Korleis lærer eg å bruka Krita?*
* Krita har ei grundig og oppdatert brukarhandbok (på engelsk): https://docs.krita.org/en/ * Føretrekker du ei videoinnføring, er denne veldig fin (er laga for folk som teiknar spelgrafikk, men er ganske generell): https://www.gdquest.com/tutorial/art/krita-tutorial-for-game-artists/ * Elles finn du tonnevis med videoar på YouTube. Der finst det òg ein offisiell Krita-kanal: https://www.youtube.com/channel/UCkIccKaHDGA8lYVmUerLhag
*Kva om eg finn feil i nynorskomsettinga?* Sidan dette er den første komplette omsettinga til nynorsk, finst det truleg feil og ting som kan forbetrast i omsettinga. Om du finn noko slikt, er det supert om du melder frå om dette, anten til denne e-postlista eller direkte til meg på karl@huftis.org mailto:karl@huftis.org.
*Noko anna eg bør veta? *Sjølv om Krita er gratis, er det mange som frivillig støttar utviklinga økonomisk. Ein har derfor klart å finansiera fire personar til å arbeida fulltid med å forbetra programmet. Les meir om vidareutviklinga av Krita på https://krita.org/en/item/the-inside-view-how-krita-is-developed/. Og sjå https://krita.org/en/support-us/donations/ for informasjon om korleis du sjølv kan støtta utviklinga. **
Vennleg helsing Karl Ove Hufthammer