Leif Halvard Silli skreiv 14.02.2026 23:34:
Hei
Når eg skriv «me» (i staden for «vi»), vert dette «retta» til «med». Eg får ikkje lagt det til i ordlista på mobilen. Dette problemet har eg hatt «i hundre år».
Er det vanleg med sperre mot å leggja til ord på to bokstavar i ordlister for stavekontrollar?
Det tvilar eg på. Men her er det vel ikkje snakk om stavekontroll, men heller såkalla automatisk korrigering?
Det er berre å anten slå av automatisk korrigering generelt (anbefalt!) eller fjerna dette eine ordet frå forslaga til automatisk korrigering, så er problemet løyst. Slik er det iallfall på Android.