fr. den 12. 08. 2011 klokka 09.11 (+0200) skreiv Bjørn Steensrud:
Jeg har begynt på å oppdatere hjelpefilene til KDE, og ser der at noen har oversatt tooltips med hjelpeboble(r). Det er jo en mye mer beskrivende tekst enn det litt klossete «verktøytips» - små tekstbobler som vises når musepekeren legges over f.eks. knapper på verktøylinja. Kan den komme med i ordlista?
Eg synest iallfall det er eit godt forslag. Strengt tatt er det ikkje nødvendigvis *(snakke)bobler* lenger. Samanlikn for eksempel verktøytipa i KDE eller GNOME med http://www.codeproject.com/KB/miscctrl/BallonToolTips/BallonTipExample.jpg Men likevel er det ei *betre* omsetting enn «verktøytips»!
Men viss me «vedtar» dette, bør nokon ta på seg å gå gjennom alle omsettingane og endra «verktøytips». Det kan ikkje gjerast automatisk, sidan «tips» kan vera både eintal og fleirtal … (Og nokre plassar det er meint fleirtal, kan ein eintalsomsetting passa betre.)
Men med Pology-verktøya vert det iallfall overkommelig. Følgjande kommando vil søka gjennom alle omsettingsfilene, og opna dei aktuelle meldingane i Lokalize:
posieve find-messages -smsgstr:verktøytips -slokalize
Det er 82 tekstar for bokmål og 98 for nynorsk.