Eg har no lagt til forbetra autofullføring i ordbankskriptet. Når ein har skrive inn grunnordet, får ein no forslag om filtreringskriterium (ordklassar) når ein trykkjer tabulatortasten, i staden for berre forslag om nye grunnord. Eksempel:
$ ordbanken --sprak nn hoppe [tab] adj fem klammeform pres ub appell fl m/f pret verb bu imp nøyt st-form eint inf perf-part subst
Ordklassane vert berre henta frå grunnordet. Viss ein for eksempel slår opp ordet «katt», får ein altso ikkje forslaget «verb»:
$ ordbanken --sprak nn katt [tab] appell bu eint fl mask subst ub
Merk òg at autofullføringa berre vil fungera når ein står rett etter oppslagsordet:
$ ordbanken --sprak nn katt bu [tab] adj fl m/f st-form appell imp nøyt subst bu inf perf-part ub eint interj pres verb fem klammeform pret
Her vart altso forslaga henta frå ordet «bu», og ikkje frå ordet «katt» i bunden form. Rett liste skulle vore «subst mask appell eint fl» (og ev. «bu», eller ev. utan «subst» og «mask», sidan *alle* linjene inneheld dette). Dette er altso ein feil, men eg har ingen konkrete planar om å retta han. Ei patch-fil er hjartelig velkommen! :)