Karl Ove Hufthammer skreiv:
Eg har no forbetra skriptet eg brukar til oppslag i ordbanken til hjelp ved omsetting.
Fleire forbetringar. No har eg endra veldig mykje i skriptet, slik at det er eit skikkelig program (under GPL 3 eller seinare, for øvrig). Det har mange nye funksjonar, og støttar blant anna å visa resultatet som HTML.
Viktig: Merk at syntaksen for val av språk og vising/gøyming av klamme-former er endra. I tillegg vert klammeformene viste som standard. Men sidan skriptet no har innebygd hjelp, lar eg det tala for seg sjølv:
./ordbanken.sh --hjelp
Bruk: ordbanken.sh [VAL] grunnord [KRITERIUM1] [KRITERIUM2] ... Slår opp ordet «grunnord» i fullformsordlista til Norsk ordbank, med eventuell filtrering etter eitt eller fleire kriterium.
Verdiar for VAL: -s, --sprak=SPRÅKKODE Vel ordliste, der SPRÅKKODE er nn for nynorsk (standard) eller nb for bokmål. -e, --eksempel Vis eksempel på bruk, samt nokre tips. -f, --fargekod Fargekod resultatet (standard). -F, --ikkje-fargekod Ikkje fargekod resultatet. -k, --klammer Vis òg klammeformer (standard). -K, --ikkje-klammer Vis ikkje klammeformer. -p, --parentes Vis klammeparentesar rundt klammeformer (standard). -P, --ikkje-parentes Ikkje vis klammeparentesar rundt klammeformer. --tekst Vis resultatet som rein tekst (standard). --html Vis resultatet som HTML. -h, --hjelp Vis denne hjelpeteksten.
Finn de feil, eller har forslag til forbetringar, kan de senda ei melding enten her til til lista, eller til meg personlig (karl@huftis.org).