Hei alle,
Eg er ny på lista. Eg har ikkje oversatt så mykje tidlegare, men eg tykkjer det er interessant og viktig arbeid. Difor melde eg meg på når det vart delt informasjon om dette på BLUG (Bergen Linux User Group) si e-postliste.
On 15.04.2020 21:18, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eg ser revisjonsprosjektet for Bokmålsordboka og Nynorskordboka (https://www.uib.no/lle/121561/revisjonsprosjektet-bokm%C3%A5lsordboka-og-nyn...) nettopp har lagt ut ei lenkje om korleis ein lettast og kjappast kan slå opp i ordbøkene via nettlesaren:
https://tanketom.no/den-lettaste-m%C3%A5ten-%C3%A5-ha-spr%C3%A5kr%C3%A5det-o...
Eg kan nemne at det også fungerar å søke direke i URL'en slik: https://ordbok.uib.no/kverv
Då søkjer den opp ordet "kverv" i begge ordlistene.
Det skjer ein del utvikling på baksida av ordbøkene for tida. I framtida blir det nok ein meir API-basert arkitektur som kan gjere listene nyttigare i fleire samanhengar.