Den 6. feb. 2009 kl. 12.35 skrev Sjur Nørstebø Moshagen:
Til no har det vore tungvint å testa stavekontrollar automatisk sjølv om ein har hatt tilgang på eit korrekt-korpus, og det har vore vanskeleg å jamføra resultata frå ulike stavekontrollar. Men i Divvun- prosjektet har vi no laga ein testbenk som kan ta ulike typar testdata som inndata, ein kan spesifisera kva for stavekontroll ein vil testa, og testbenken produserer ein testrapport i XML som representerer testresultata frå ulike typar stavekontrollar i same format. Vi kan altså testa fleire ulike stavekontrollar på nøyaktig same data, og jamføra resultata, med berre éin kommando pr stavekontroll.
Eg presenterte testbenken vår på ein konferanse i Stockholm i November, og artikkelsamlinga derifrå er no tilgjengeleg på nettet. Artikkelen min om testbenken finn de på:
http://hdl.handle.net/10062/8697
Der er artikkelen min (på engelsk) tilgjengeleg som ei pdf-fil, lenka står i ein grå boks midt på sida.
Sjur