Onsdag 12. desember 2001 13:07 skreiv Petter Reinholdtsen:
Hva er forresten status for oversettelsene i KDEs CVS. Er de oppdatert mot vår CVS? Hvordan er planen for å få vår oversettelse inn i KDE 3.0?
Omsetjingane våre vart kopierte til KDE 3.0 om lag då KDE 2.2.2 kom ut. Det er nokså enkelt, sidan me berre kan kopiera filene over og skripta i KDE-CVS sørgjer for å oppdatera dei over natta. Det finst statistikk på URL:http://i18n.kde.org/stats/gui/nb-highscore.html og URL:http://i18n.kde.org/stats/gui/nn-highscore.html.
I følgje utgjevingsplanen på URL:http://developer.kde.org/development-versions/kde-3.0-release-plan.html er me no i fasen der «i18n string changes are to be kept at a minimum», og i januar er det absolutt stopp for endringar i programtekstane (arbeidsro for omsetjarane). Etter planen skal då KDE 3.0 koma ut i februar.
Hva med de programmene som ikke er en del av KDE, f.eks. quanta. Hvordan får de oversettelsene fra oss?
Det skjer i utgangspunktet manuelt, men distribusjonane *kan* velja å ta med omsetjingane i others-katalogen i dei vanlege språkpakkane. Sidan andre program sjeldan følgjer utgjevingstakta til KDE, er det nok best å senda omsetjingane inn manuelt. (Det bør me nok gjera for Quanta og kanskje andre program.)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes