Laurdag 5. april 2003 10:49 skreiv Petter Reinholdtsen:
Jeg har forsøkt å samle kommentarene, URLene og forslagene som har gått på lista i en webside. Jeg vil sette pris på om flere bidrar med tekst der. Sjekk URL:http://i18n.skolelinux.no/localeoppsett.html.
Eg har for referansen sin del lagt inn Microsoft sitt oppsett (frå Windows XP):
Tal: 123 456 789,00 Valuta: kr 123 456 789,00 Klokkeslett: 11:06:38 Kort dato: 07.04.2003 Lang dato: 7. april 2003
Dette oppfattar eg som veldig naturlege og greie format. Alt er i samsvar med Språkrådet sine tilrådingar, bortsett frå klokkeslettet. Frå eit teknisk synspunkt er det veldig greitt at klokkeslettet brukar kolon, for å skilja det frå datoar. Reknearket i OpenOffice.org har til dømes ein funksjon som automatisk kjenner att datoar og klokkeslett. Den fungerer ikkje dersom begge brukar same formatet.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes