Åsmund Skjæveland:
Eg har kikka såvidt på Lokalize, i den utgåva som kjem med Ubuntu (versjon 0.2, KDE 4.1.2). Det ser ut som at Lokalize automatisk skrur av Fuzzy når eg tek til å redigera,
Ja. Dette har då òg vore standard i KBabel i alle år. Eg var faktisk ikkje klar over at det gjekk an å skru av denne (for meg veldig praktiske) funksjonen før du no nemnte det.
og at det ikkje går an å skru av denne funksjonen. Stemmer det?
Ja.
Eg har ikkje klart å finna noko sakleg forum eller epostliste for Lokalize, veit nokon av dykk om noko?
Som med alle KDE-program: Hjelp → Rapporter feil
og vel kategorien «Wishlist».