Bokmålsomsetjarane er flinke til å organisera språkvask, berre sjå kor mange felt som er «ferdig» på <URL: http://developer.skulelinux.no/info/oversettelse/fremdrift.html >. Viss nokon kunne tenkja seg å gjera ein tilsvarande innsats på nynorsk, ville eg blitt glad ;-)
Dette er i grunnen noko av det lettaste arbeidet som finst, iallfall dersom du er rimeleg stø på rettskriving. Det beste er om du har både KBabel og det aktuelle programmet på maskina.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes