On Friday 16 May 2008 11:54:44 Karl Ove Hufthammer wrote:
Mitt forhold til Launchpad, både som omsettar, utviklar og «offer», kan best beskrivast ved hjelp av taltastane på tastaturet – i sjenerøs kombinasjon med «Shift» og «AltGr».
(Les eventuelt "htp://groups.google.com/group/no.it.os.unix.linux.diverse/msg/ff9f00500762 2783")
Men no ser Launchpad ut til å ha gått heilt av skaftet. Ikkje berre øydeleggjer dei omsettingar, slik at *buntu-brukarar får programma sine på dårlig norsk (det har dei nemlig alltid gjort); no påstår dei til og med at øydeleggingane er godkjende av dei offisielle omsettarane.
Sjå for eksempel
https://translations.launchpad.net/ubuntu/gutsy/+source/amarok/+pots/amarok /nn/1773/+translate
der den brukbare omsettinga «Nyaste album» er endra til den språklige katastrofen «Dei Nyaste Albuma Dine», og det er hevda denne er godkjend («Reviewed») av meg, noko som sjølvsagt er reint oppspinn, og eg er nær med rekna som direkte ærekrenking.
Eg er usikker på om du kan hevde at det er hevda, sidan di godkjenning er gitt før omsetjinga er skriven. Skal eg gjette, så er dette heller ein layout feil, slik at det er snakk om godkjenninga av di eiga omsetjing som har vorte plassert på feil plass på sida.
Mvh, Lars Ivar