Hei Karl Ove, og takk for raskt og grundig svar.
Den 02.04.2026 18:05, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no:
Må det vera /open/ talesyntese?
Hmnei, det er vel ingenting som seier at det *må* vera det, anna enn at det sjølvsagt er fint dersom det går an å få generert nynorsk tale med opne program i det heile.
Eg har god erfaring med Hulda frå CereProc for generering av ferdige lydfiler, men det er eit kommersielt system.
Ja, og det er vel dette Nasjonalbiblioteket bruker òg, Eg synest tilbodet ditt om å laga nynorske talefiler til Rockbox er veldig generøst, så eg seier i utgangspunktet ja takk til det, men eg fekk ein annan ide òg:
For fleire år sidan las eg inn nynorskutgåva av språklæringsappen og -nettsida 50languages.com. Eg har framleis lydfilene frå denne innlesinga, og tekstfilene som rekneark. Det er over 1000 frasar, så korpuset er ikkje heilt lite. Ideen min er om det går an å bruke dette til å trene Piper til å laga ei ny røyst(1), som så kunne bli teken med i Piper? Dermed kunne Rockbox-folka bruke røysta til å laga talefilene sjølve, og me ville ha ei ope tilgjengeleg røyst til å generere nynorsk tale for framtida.
Problemet mitt er at dette ligg eit par hakk over det eg greier teknisk å få til sjølv. Dersom Karl Ove eller nokon andre har lyst til å hjelpe til med å trene Piper, skal eg med glede gjera tilgjengeleg lyd- og tekstfilene eg sit på.
Beste helsing
Eivind Ø.
1: https://github.com/OHF-Voice/piper1-gpl/blob/main/docs/TRAINING.md