Tysdag 21. august 2007 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Men eg tar uansett og legg til KDE 4-omsettingsfilene i SVN-arkivet til Skulelinux, til glede for – vel, dei som får glede av sånt.
Dette kan ta litt tid å få skikkelig, so *ikkje* begynna å arbeida med filene før *etter* eg gjev klarsignal, sjølv om dei *ser ut* til å vera klare.
No skal omsettingsfilene vera klare. Det har vore mange endringar i plasseringar og syntaks, noko som har ført til litt leie problem. Detaljane er ikkje viktige, men dette er det vesentlige:
I eindel av omsettingsfilene er no *alle* tekstane markerte som uklare. Ein må derfor gå gjennom dei manuelt og merka dei som ikkje uklare. Her har me iallfall (koselig) arbeid for dei neste vekene.
Ein positiv ting med alt dette er for øvrig at mange tekstar som ikkje var omsette før, no er det (men markerte som uklare). Ja, det er nesten magisk.
Dette gjeld både for dei «tomme» filene og for resten. Omsettingane er henta frå omsettingsminnet, so merk at dei gjerne kan vera feil. Ver derfor litt kritisk når du går gjennom filene og trykker «Ctrl + U». Dette gjeld spesielt for engelske tekstar som har forskjellige norske omsettingar avhengig av samanhengen (eks. «Display» som verb eller som substantiv).
Dei som vil arbeida med omsettingar for KDE 4 må forresten sørga for at dei har minst versjon 0.15 av gettext installert. Skriv
gettext --version
for å sjekka dette.