Karl Ove Hufthammer skreiv 25.02.2021 21:31:
No skal roboten visstnok omsetja 95–100 prosent. Men merk at det er nokre moment som gjer at han kanskje vil fungera litt dårlegare for omsetjing av dataprogram enn han gjer for vanlege tekstar. Setningar som dukkar opp i dataprogram, skil seg gjerne litt frå dei i vanlege tekstar. Blant anna er det mykje meir imperativsetningar. Og då kan omsetjingsprogram lett tolka orda feil og for eksempel blanda homograf som har ulike ordklassar.
Apropos dette hadde Nynorsksenteret nyleg ein fagdag om omsetjingsteknologi, med sterk vekt på Apertium. Opptak av presentasjonane ligg no ute: https://nynorsksenteret.no/blogg/program-for-digital-fagdag-om-omsetjingstek...
Fleire av føredragshaldarane viste eksempel på typiske feil som kan oppstå ved automatisk omsetjing med Apertium.