Karl Ove Hufthammer skreiv 16. feb. 2016 20:58:
Til orientering har eg no starta på ei omsetting av Scratch til nynorsk. Scratch er eit enkelt men kraftig grafisk programmeringsspråk. Målgruppa er ungar i alderen 8 til 16 år, men Scratch er moro for vaksne òg.
[…]
Eg er no ferdig med omsettinga av sjølve Scratch-programmet, men det kan ta nokre veker før denne dukkar opp på Scratch-nettstaden.
Det tok ikkje berre nokre veker, men halvannan *månad* før omsettinga dukka opp. Men no er ho endeleg der, og i mellomtida fekk eg omsett heile nettstaden, så han òg er tilgjengeleg på nynorsk. Det einaste som gjenstår å omsetta, er dei innebygde «tipsa» (ein slags hjelpefunksjon).
Så no er det berre å gå til https://scratch.mit.edu/ og programmera – på nynorsk! :-D
Og viss de finn skrivefeil, omsettingsfeil eller noko som bør forbetrast i omsettinga, berre send meg ein e-post.