Funksjonsnamna brukte på norsk i LibreOffice Calc er av og til ulike på bokmål og nynorsk, av og til inkonsekvente og av og til ulike namna brukte i Excel. Dessutan er mange av namna på bokmål forsvunne frå omsetjingane utan at eg veit grunnen. Er feltet tomt, manglar omsetjinga, i alle fall i filene eg har sett på.
For nokre år sidan blei dette diskutert i det gamle omsetjarforumet, men eg finn ikkje tråden. Uansett er det komne nye uttrykk som bør vurderast.
Eg har laga eit oversyn over funksjonsnamna i Calc, bokmål og nynorsk og Excel bokmål (fann ikkje Excel nynorsk), men det er for stort til å bli med i ein e-post og er difor lagt ut på nettsida https://www.stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php
Vonleg finst det nokre i forumet som brukar i alle fall nokre av funksjonane i Calc/Excel og kjenner til kva dei bør/må/skal heite på norsk.
Håper på nokre innspel slik at vi kan få rydda litt i rotet. Sjølv om eg bruker Calc ein god del, er dette ikkje mitt fagfelt, så eg er avhengig av hjelp.
Helsing Kolbjørn