Åsmund Skjæveland:
Eg har eit underleg problem med KBabel når eg prøver å fiksa på Evolution (~4500 strengar). Eg køyrer GNOME på Ubuntu på ein aldrande laptop. Eg har gjerne tre virtuelle skrivebord: Eitt med Evolution oppe, eit med Firefox, eitt med KBabel. Når eg går vekk frå KBabel-skrivebordet og tilbake, tek det over femten sekund før KBabel-vindauget vert teikna opp att. Viss eg har Firefox og KBabel maksimert på same skrivebord, og vekslar med Alt-Tab, går det derimot så raskt som det burde på den maskinen. Er dette eit problem andre ser, og har funne ei løysing på?
Eg vil i utgangspunktet tru dette berre er eit vanlig veksleminneproblem, altso at KBabel vert lagd i veksleminnet når du går over til Firefox på eit anna skrivebord, spesielt sidan du seier det er ei gammal maskin. Firefox er jo ikkje akkurat gniten på minne.