Denne meldinga er primært til dei som bidrar med (eller ønskjer å bidra med) omsetjingar av KDE-programma (https://apps.kde.org/nn/).
Me (i KDE) held no på med å gå over frå det eldre versjonskontrollsystemet Subversion (SVN) til det moderne systemet Git for alle omsetjingane. Det er ein svært komplisert og tidkrevjande prosess, og me tar derfor eitt språk om gangen. Men bokmål, nynorsk og nordsamisk er no klare!
Frå no skal me altså ikkje lenger bruka SVN-depotet, men Git-depot. Det finst eitt Git-depot for kvart av språka. Har ein konto på https://invent.kde.org/ (som ein kan få her: https://community.kde.org/Infrastructure/GitLab), køyrer ein desse kommandoane (i ei passande mappe) for å lasta ned («klona») dei ulike depota:
git clone git@invent.kde.org:localization/l10n-nn.git # Nynorsk git clone git@invent.kde.org:localization/l10n-nb.git # Bokmål git clone git@invent.kde.org:localization/l10n-se.git # Nordsamisk git clone git@invent.kde.org:localization/l10n-templates.git # Malfiler git clone git@invent.kde.org:sdk/pology.git # Pology-programmet
Viss ein ikkje har konto på invent.kde.org, byt ut git@invent.kde.org: i adressene ovanfor med https://invent.kde.org/
Når ein har klona Git-depota, vil ein sjå at det no er ein ny, enklare mappestruktur (sjå nettsida https://invent.kde.org/localization/l10n-nn/ for eit eksempel). Men me treng som før *berre* forhalda oss til omsetjingsfilene i undermappa «summit». Brukar ein Lokalize, kan ein opna prosjektfila som ligg i mappa «support» for å få tilgang til desse og alle nødvendige innstillingar.
Fordelane med å gå over frå SVN til Git er mange. Det er for eksempel no mogleg å senda inn «fletteførspurnadar» med endringsforslag (på invent.kde.org) i staden for å måtta senda filer på e-post.
Ein har òg tilgang til *heile* historikken til omsetjingane. For nynorskomsetjinga starta det heile med denne innmeldinga i 1999 («git log --reverse»):
commit 0c9de4fd035b34d8f50a75d43460c3467bfbc664 Author: Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com Date: Thu Oct 21 14:12:33 1999 +0000
CVS_SILENT Initial upload 2nd try
svn path=/trunk/kde-i18n/no_NY/; revision=31430
Her var det omsetjingar av fleire program, blant anna spelet KMines (minesveipar) og terminalprogrammet Konsole. Sistnemnde hadde då 38 tekstar (med til saman 94 ord), mot i dag 981 tekstar (4676 ord).
Ein kan òg lett finna ut når eit ord vart innført (først brukt) i omsetjinga. Eksempel for ordet «linjeavstand» (legg til «-p» for å sjå endringane i innmeldinga):
$ git log --reverse -S linjeavstand
commit 2c7baba9274cfbb8d2fcffe16a8623697ee6e199 Author: Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com Date: Tue Aug 6 19:57:20 2002 +0000
CVS_SILENT The Norwegian teams worked a lot lately
svn path=/trunk/kde-i18n/nn/; revision=170731
Køyr «gitk» for å bla gjennom alle endringane med «peik og klikk».
Merk elles at i mange år gjekk omsetjinga føre seg i Skulelinux sitt CVS-/SVN-depot, som vart regelmessig synkronisert over til KDE-depotet (av Gaute og seinare meg). Loggmeldingane og innsendarmetadata (eks. «git shortlog -sne») er derfor ikkje så informative for denne perioden.
Elles er overgangen frå SVN til Git nettopp gjennomført, så det kan vera mindre problem her og der. Eg oppdaterer filer og skript når eg finn noko som ikkje fungerer. Meld derfor frå til meg om ikkje alt er som det skal.
For hjelp med kva Git-kommandoar som erstattar dei ulike SVN-kommandoane, har eg laga ei kort innføring (på engelsk) her: https://invent.kde.org/-/snippets/3918