On Wed, 2005-07-06 at 12:59 +0200, Kolbjørn Stuestøl wrote:
Lars Ivar Igesund m.fl. nemner i samband med omsetting av Yzis problem med ordet "opasitet". Eg driv og småputlar med omsetting av Gimp til nynorsk.
"Opacity" har eg i dei fleste tilfella omsett med "dekkevne". I spesialtilfelle har eg brukt "opasitet". "Ugjennomsiktigheit" blir *for* oppkonstruert. Har større problem med å finna eit dekkande ord for "Transparency". Har konstruert ordet "transparensitet", men kanskje det finst betre forslag?
"dekkevne" var eit godt ord! kva er problemet med "gjennomskin(leg)" eller "gjennomsiktighet", eller kanskje "transparens(grad)"?