Eg synest me treng ei prinsippavgjerd for korleis me skal referera til namn på kommandoar, menyval og knappar. Vanlegvis går det greitt å berre skriva namnet direkte, eks.
Trykk OK for ...
Men når kommandonamnet er på fleire ord kan det lett bli forvirrande (då me ikkje brukar Store Forbokstavar på norsk). Eg eg har opplevd dette sjølv, men kan ikkje finna eit (ekte) eksempel.
Eit alternativ er å setta hermeteikn («») rundt alle kommando- /menyval/knappnamn. IMHO ser dette bra ut. Kva synest de?
Har forresten nettopp oppdatert retningslinjene.