Onsdag 12. desember 2001 16:09 skreiv Petter Reinholdtsen:
[Gaute Hvoslef Kvalnes]
Omsetjingane våre vart kopierte til KDE 3.0 om lag då KDE 2.2.2 kom ut.
Så endringene gjort hos oss siden 2.2.2 ble sluppet er ikke med, men finnes kun hos oss? Hvordan får vi integrert dem i 3.0?
Dei siste endringane er ikkje med, men det er trivielt å få dei over.
Ganske store forskjeller i forhold til URL:http://i18n.skulelinux.no/kde-i18n-statistikk.html.
Sjølvsagt, sidan dei engelske originaltekstane har endra seg ein del. KDE 2.2.x har vore nesten uendra sidan august; mykje har skjedd fram mot KDE 3. Det ser ikkje avskrekkande ut, synest eg.
I følgje utgjevingsplanen på URL:http://developer.kde.org/development-versions/kde-3.0-release-plan .html er me no i fasen der «i18n string changes are to be kept at a minimum», og i januar er det absolutt stopp for endringar i programtekstane (arbeidsro for omsetjarane). Etter planen skal då KDE 3.0 koma ut i februar.
Så noen burde gå over de engelske originaltekstene fram til 7. januar slik at oversettelsesgrunnlaget er bra.
Meld frå til korrekturlesarane på kde-doc-english@kde.org dersom de finn feil eller andre ting som bør fiksast.
Det skjer i utgangspunktet manuelt, men distribusjonane *kan* velja å ta med omsetjingane i others-katalogen i dei vanlege språkpakkane. Sidan andre program sjeldan følgjer utgjevingstakta til KDE, er det nok best å senda omsetjingane inn manuelt. (Det bør me nok gjera for Quanta og kanskje andre program.)
Vi bør ha en oversikt over hvor disse oversettelsene skal sendes, og hvem som er ansvarlig for å gjøre det. Kanskje en tekstfil ala:
other/en/tasksel.pot other/nb/tasksel.po other/nn/tasksel.po Upstream: Randolph Chung tausq@debian.org (submit wish to Debian bugs) UpstreamURL: http://bugs.debian.org/cgi-bin/pkgreport.cgi?which=pkg&data=tasksel SL-Maintainer: Petter Reinholdtsen pere@hungry.com
kunne hjelpe litt?
Ja. Dette er ikkje organisert på nokon måte no. Det einaste programmet eg har sendt omsetjingar til så langt er KGeo.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes