Det ser forresten ut som Nav bruker Norsk ordbank òg, via spaCy: https://github.com/explosion/spaCy/pull/3007
(og spaCy er forøvrig i stor grad brukt kommersielt: https://explosion.ai/blog/spacy-user-survey )
som igjen viser kor vanskeleg det er å måla brukarar – kor mange av dei som bruker spaCy kjem til å vita (eller bry seg om) at ordlistene for bokmål kom frå Språkbanken?
Med det sagt, så hadde det vore nyttig om Språkbanken gjorde det tydelegare korleis dei ønsker samarbeid – kor kan eg opna issues og senda patches? Tidlegare har eg sendt e-post med rettingar til ordbanken og Oslo–Bergen-taggaren direkte til dei eg veit har jobba med det (@iln.uio.no), men eg har ikkje alltid fått svar, og eg neste utgåve tok så lang tid å komma at det ikkje lenger var viktig for meg om endringane mine kom med eller ikkje. Og https://www.nb.no/sprakbanken/show?serial=oai%3Anb.no%3Asbr-5&lang=en t.d. har ikkje ein gong dei e-postadressene, så eg reknar med dei fleste berre har sine private forks utan å senda tilbake rettingar.