Den 30. nov. 2006 kl. 11.17 skrev Petter Reinholdtsen:
Hvis kulturdepartementet og språkrådet mener det norske språk er verdt å ta vare på, så bør de straks få lagt ut listene i ren tekst med
Eg veit ikkje om dette med 'ren tekst' er noko poeng - dersom det er koda i eit tekstformat (t.d. xml), kan kodinga ha ein stor verdi i seg sjølv. Men eg føreslår at 'i ren tekst' blir stroke, så kan ein seinare diskutera formatet dei bør leggjast ut i. Det er ein detalj i samanhengen, det viktige no er å få departementet til å ta til seg prinsippet om at offentleg finansierte ressursar bør vera offentleg tilgjengelege utan restriksjonar.
Eg tykkjer du bør senda brevet ikkje berre til departementa, men òg som lesarinnlegg til dei største avisene. Eit ope brev med stor offentleg spreiing set meir press på departementet enn dersom det berre går rett til dei.
Sjur