===== Original Message From Karl Ove Hufthammer lister@huftis.org ===== Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:3D512E9E@epostleser.online.no:
Eg har vanskelig for å tru at å installera eks. poEdit kan vera ein høg terskel for folk som skal kvalitetssikra brukargrensesnittet i avanserte dataprogram.
Det er *mykje* trivielt korrekturarbeid som treng gjerast. Kommareglar, banale skrivefeil og liknande.
Jaudå, Børre har laga nokre greie skript dei brukar på samisk. Eg ser elles for meg at rein tekst kan vera nokså greitt å jobba med.
Problemet med det er vel tilbakeføring til po-filer.
Det går veldig greitt, så lenge ein held greie på kva for utgåve av PO-fila som er konvertert. Dessutan må ein unngå at det går for lang tid før fila vert konvertert tilbake att.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes