Fredag 8. oktober 2004 09:38 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Tor Hveem tor@hveem.no skreiv i innlegget
news:200410080118.48975.tor@hveem.no:
Kvar er beste måten å testa omsetjingsarbeidet mitt på? Har litt trøbbel med å installera dei nye omsette filene.
Kjør msgfmt på po-fila. Kopier so messages.mo-fila du får ut til der omsettingsfilene ligg, typisk /usr/share/locale/nn/LC_MESSAGES/programnamn.mo der «programnamn» er namnet på programmet (lik fornamnet til po-fila).
Synest dette vart vel manuelt. Eg vil jo gjerne ha dei siste versjonane av .po-filene frå CVS innstallert. Eg laga difor eit enkelt python-program for å installera alle .po-filene frå CVS i LC_MESSAGES-katalogen.
Eg legg ved programmet her dersom nokon har lyst til til å bruka det. Konfigurer variablane øverst i programmet til dine instillingar. Spesielt POGRUNNKATALOG.
-- Tor Hveem