Karl Ove Hufthammer skreiv 16.04.2020 20:07:
anders.myren@uib.no skreiv 16.04.2020 09:52:
Det skjer ein del utvikling på baksida av ordbøkene for tida. I framtida blir det nok ein meir API-basert arkitektur som kan gjere listene nyttigare i fleire samanhengar.
Og det er snakk om å frigje ordbøkene under ein open lisens (CC-BY), har ein liten fugl (les: innsynsførespurnad) kviskra meg.
Eg har nyleg sendt nokre fleire innsynsførespurnadar til Språkrådet angåande dette. Her er kva eg har funne ut:
Universitetet i Bergen ved Universitetsbiblioteket sende eit brev til Samlaget 30. september 2020. Der varsla dei at dei tredde ut av avtala dei hadde med forlaget om Nynorskordboka. Denne avtala gav Samlaget einerett til å framstilla og gje ut denne ordboka. Dei skreiv òg at dei tok sikte på å gje ut ordboka under ein CC-BY-lisens frå og med 1. oktober 2020.
Så vidt eg kan lesa ut frå nokre svarbrev, så sende Universitetsbiblioteket òg eit tilsvarande brev (23. september?) om Bokmålsordboka, då til Kunnskapsforlaget. Kunnskapsforlaget svara at dei var overraska og skuffa. Dei kravde òg at oppseiinga skulle følgja nokre vilkår i avtala: to års oppseiingsfrist med tre månadars varsel. Universitetsbiblioteket valde å godta dette, og rekna varslingstida til å gjelda frå datoen 23. september 2020.
Ut frå dette sluttar eg at Nynorskordboka og Bokmålsordboka kjem til å bli gitt ut under CC-BY lisens *tidlegast* 23. desember 2023. Det vert i så fall ei fin julegåve. Når dei ordbøkene tilgjengelege, kan me kanskje arbeida med å få dei inn i dei ulike frie programma for (offline)oppslag i ordbøker/ordlister?