[Treigt søk i KBabel]
Det har nok med innstillingane å gjera, men eg har aldri blitt heilt klok på dette. Eg har iallfall lagt merke til at det av og til går veldig, veldig treigt, men slett ikkje alltid. Er det noko med å søkja etter enkeltord, kanskje? Nokre innstillingar gjev iallfall enormt lange (og treige) resultatlister. Eg ønskjer meg mest meir intelligente søk, spesielt på lange tekststrengar.
Det eg har bite meg merke i, er at søk i ordlistene med ein del av msgstr som søketekst går forferdeleg tregt i høve til søk på msgid. Eg har aldri heilt forstått kvifor det skal vera slik, men eg har notert i gløymeboka at eg skal senda inn ei feilmelding.