Eg har no lagt inn dei relevante grafikkfilene til Tux Typing i CVS. Sjølv tar eg ansvaret for nynorskomsetjinga. (Bokmål og nynorsk kan dela mange av filene.)
To filer er omsett til nynorsk, i ein førebels versjon. Desse er i 24-bits oppløysing. Redusering til 256 fargar og eventuell anna optimering føregår *etter* at alle filene er omsett, korrekturlest, fiksa og på alle måtar finpussa. Då kan òg samnorske filer flyttast over til bokmålsutgåva.