Til den som måtte føle for å gjere noko med det:
Eg gjekk til http://i18n.skolelinux.no/svn-123.html for å finne ut korleis eg lasta ned i18n-no frå svn. Eg prøvde meg på anonym utsjekking men det feila fordi eksempelet brukar feil vert og sti (developer.skolelinux.no/repos/skolelinux i staden for svn.skolelinux.no/skolelinux).
Før eg fann rett svar på dette problemet gjekk eg til http://i18n.skolelinux.no/svn-detaljer.html for å få svn-konto. Den sida viser til http://developer.skolelinux.no/svnusage.html som igjen seier du skal ta kontakt med drift@skolelinux.no. Der fekk eg hjelp, men eg fekk bestemt inntrykk av at eg burde kontakta i18n-no i staden.
Så fekk eg til slutt sjekka ut, og eg prøvde å køyre ordbanken.sh. Det feila òg, truleg fordi skriptet er avhengig av bash, medan eg har dash som standard. Her bør anten skriptet gjerast POSIX-kompatibelt, eller så bør fyrste line endrast til #!/bin/bash.
Eg har ikkje svn-konto (sidan eg fekk anonym tilgang likevel), så eg får ikkje gjort noko med dette sjølv.
Erik