Håvard Korsvoll skrev:
Petter Reinholdtsen skrev:
[Axel Bojer]
Jeg har opplevd det samme når jeg har prøvd å verve flere til å rette ord.
Jøss, er vi igang med å rekruttere? Jeg trodde vi fortsat avluset systemet, og mistenker at vi kan ende opp med å starte på nytt med andre ordklasser og flere utgangsord. :)
Trur ikkje vi treng å starte på nytt. Alt kan fiksast ved å reinske kjeldefila. Men vi er vel eit stykke unna frå å aktivt rekruttere folk til innsats enno. Det er ein del som bør fiksast først. Her er ei liste som eg synes bør vere for det meste oppfylt.
- Bli einige om format på ordklassar og bøyingsformer.
- Spikre alle format på felta i filformatet, og godt dokumentert.
- Resultat og statistikkar tilgjengeleg på web.
- Mulighet for enklare bidrag (berre godkjenne eller avvise ord).
- Eit byggesystem for listene.
- Autentisere bidrag, eventuelt mulighet til å spore kven som bidrar.
- Mulighet til å bidra ved hjelp av nettlesar.
Punkt 5 kan eg tenke meg er ulike meiningar om. Men eg meiner alle bidrag bør signerast. Kanskje det er nok å luke ut på avsendaradresse i første omgang. Men ei form autentisering og sporbarhet bør det i alle tilfelle vere. Slik det er no kan alle sende inn bidrag utan å leggje inn noko i EDITOR:-feltet, og då er mulighetene for å misbruke systemet stort.
Det er sjølvsagt punkt 6 eg meiner her. (Slik går det når ein kjem på ting undervegs).
Håvard