Neste versjon av GNOME, 2.6.0, kjem truleg ut på onsdag. Det er god von om at nynorsk vert offisielt støtta i denne utgåva (meir enn 80 % omsett av kjernepakkane), viss ikkje vert det i 2.6.1.
Det er såvidt eg veit berre eg som har omsett GNOME til nynorsk det siste året. Eg har ikkje teke meg tid til å testa alle omsetjingane i køyrande program, så det kan vera mange feil eg ikkje veit om. Ikkje minst veit eg at det må vera mange snøggtastfeil, for til slike har eg stort sett berre plukka ein vilkårleg bokstav eg ikkje kunne minnast å ha brukt på ei stund.
Dersom nokon av dykk skulle finna på å prøva GNOME eller eit GNOME-program ein dag, ville det vore hyggjeleg om de kunna halda eit auge ope etter feil i omsetjinga, og senda meg eller lista ei feilmelding. På førehand takk. Ha ein god dag og vonleg ein betre kaffitraktar enn den på rom- og plasmafysikk.