Fra Jon Grepstad i språkrådet fikk vi flere gode tilbakemeldinger, en av dem er spesielt av generell betydning, og det er kommentarene til de språklige retningslinjene mht. nynorsk. Jeg siterer:
(...) 2 Eg har også sett raskt på dei språklege retningslinjene som ligg på i18n.skulelinux.no. Retningslinjene verkar godt gjennomarbeidde.
Men eg stussar litt på nokre detaljar i avsnittet om nynorsk (etter avsnittet «Språknormalen»). Det er uklart for meg kva ein meiner med «Alternativ form» i oppsettet. I avsnittet «Språknormalen» har ein slått fast at ein skal følgje læreboknormalen, men i kolonnen med «alternative former» fører ein opp «bare» og «noe», som ligg utanfor læreboknormalen, som er sideformer. (Men kanskje meiner ein med «alternative former» ikkje tilrådde former. Også punktet om a-ending i hokjønn eintal er underleg formulert. Ordet «kulde» kan vere hokjønn eller hankjønn. Hokjønnsord har ikkje -en-ending på nynorsk. Ein del substantiv kan ha fleire kjønn på nynorsk, men det er vanskeleg å sjå kva ein meiner å seie med den nemnde formuleringa.
... Dette burde vel nynorskbrukerne kunne se litt på? Mulig det bare er uklarheter ...
Hilsen Axel Bojer