Måndag 28. juli 2008 skreiv Eirik U. Birkeland:
komma/koma, gammal/gamal, tømma/tøma (og generelt dobbel konsonant)
Komma/koma: Faktisk står ingen av delane oppført som hovudform i ordlista.
Jo. Me har då dette verbet på nynorsk!
Gammal/gamal: «Gamal» er sideform, så denne er vel ingenting å diskutere. Tømma/tøma: «Tøma» er sideform.
Det var fint. Begge orda er brukt i omsettingane, og må altso uansett rettast. Men kva synest du om den generelle regelen å føretrekka dobbeltkonsonant i slike ord?
resurs/ressurs
Eg har aldri sett den fyrste skrivemåten her før, og føretrekk «ressurs».
Skrivemåten «resurs» var ikkje lovlig før, men eg føretrekker han heilt klart for nynorsk, då den logiske uttalen av «ressurs» hørest veldig østnorsk ut («øgrimsk», om du vil). Det same med «tunnel» vs. «tunell», for øvrig.
nyheiter/nyhende
Meiner «nyheiter» vert for munnleg, likar best «nyhende».
Eg synest munnlig språk er positivt. :)
Men me må velja éi av formene, og eg har til slutt falle ned på preferansen -er (i presens, slik at me altso får -te/-de i preteritum).
Klarer ikkje heilt å vere einig med deg her, «bruker» er, saman med ord som «skole» noko av det verste eg ser i skriftleg nynorsk (sjølv om eg veit at det er heilt tillate). Er vi nøydde til å vera konsekvente mellom bøyingsformer på denne måten? Sjølv meiner eg nei, og at vi heller kan ta opp enkeltord.
Eg trudde me måtte det, men det ser ut til at eg tok feil. Språkrådet skriv i boka _Godt språk i lærebøker_ (side 80):
Presens på -ar er fast knytt til preteritum på -a, og vi godtek ikkje blanda bøying av typen brukar – har brukt. Vi rettar naturlegvis også vakling mellom a-bøying og e-bøying av det same verbet, men vi kan ikkje krevje at alle verb med valfri bøying skal gå anten som a-verb eller som e-verb.
Ja, det er meir arbeid, men eg meiner det er verdt det.
Ja, eg er ikkje ueinig i det. Bokmål har gjort noko liknande ang. kva ordet som er hokjønnsord.
Her er det eg føretrekk av dei tre du har nemnt her: å bruke – brukar – bruka – bruka å spele – spelar – spela – spela å klare – klarer – klarte – klart
Sjølv seier eg «spelte», men det er ikkje veldig viktig for meg.
Kjem ikkje på nokre fleire akkurat no, men eg lurer litt på dette med kløyvd infinitiv. Eg har aldri hatt bruk for å setje meg inn i det, og veit difor ikkje kva det er.
Då er det jo ikkje noko problem! ;-)
Uansett er kløyvd infinitiv sideform, og dermed heldigvis ikkje aktuelt for oss å bruka.
Frå nokre stader har eg fått inntrykk av at det er å bøye nokre substantiv med -a-infinitiv og nokre med -e. Frå andre stader igjen, har eg fått inntrykk av at kløyvd infinitiv er å bøye nokre substantiv som skal bøyast med -e-ending med -a-ending.
Du meiner verb, ikkje substantiv, reknar eg med. Sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Kl%C3%B8yvd_infinitiv