Karl Ove Hufthammer skreiv 08. jan. 2017 09:51:
Følgjande burde vera ~so robust som det kan bli:
xml2pot eksempel.xml | \ sed 's/^("Report-Msgid-Bugs-To: )http://bugs.kde.org\n"$/\1https://eksempel.no//'
Ikkje heilt robust, då eg gløymde dei avsluttande teikna \n". Men følgjande sed-kommando skal fungera rett:
sed 's/^("Report-Msgid-Bugs-To: )http://bugs.kde.org\n"$/\1https://eksempel.no/\n"/'
Men viss du vil ha eit eige verktøy, kan du bruka posieve i Pology-samlinga: http://pology.nedohodnik.net/ Då vert det:
posieve set-header -sfield:Report-Msgid-Bugs-To:https://eksempel.no/ eksempel.pot
Det er jo litt meir elegant.