[For i18n-lista: Sjå nokre avsnitt ned.]
Måndag 13. februar 2006 12:33 skreiv Knut Yrvin:
Adresseboken er virkelig god, med mange muligheter for å lagre variert informasjon om kontaktene.
Til og med bilde i nyaste versjon, noko som er ganske kjekt (bildet blir vist på e-post frå vedkommande person i KMail, blir brukt i lynmeldingsprogrammet Kopete, med meir). Adresseboka er òg godt integrert i fleire andre program, for eksempel Tellico, der du kan bruka ho til å markera kven du har lånt vekk (f.eks.) bøkene dine til.
Merk òg at ein kan ha adressebøkene lagra på alt frå FTP-tenarar til IMAP-kontoar. Dette er spesielt hendig då ein kan ha éi adressebok *felles* for for eksempel kvar klasse, eller liknande.
Særlig synes jeg dialogruten med kontaktenes opplysninger som kommer opp på skjermen er oversiktlig og lettlest.
Men her er eit problem eg håpar me kan få løyst (eg sender derfor kopi til i18n-lista): Rekkjefølgja på felta passar ikkje for norske forhold. Ho er:
Adresse, Postboks, Stad, Region, Postnummer, Land
Eg har observert mange som har skrive inn tekst i denne dialogen, og nesten utan unntak har dei (iallfall først) skrive feil, og plassert postnummer i «Postboks» (då dette er den naturlige rekkjefølgja på norsk). Vil det vera mogleg (Gaute, du veit vel mest om dette?) å gjera endringar i kjeldekoden slik at dialogvindauget får denne rekkjefølgja på norsk (nynorsk og bokmål):
Adresse Postnummer Poststad (ev. på to linjer) Region Land
Slik det er no, er brukskvaliteten på dialogen elendig.
Gleder meg fortsatt til å oppdage nye finesser.
Krafta i KMail og adresseboka og samspelet mellom dei ulike programma opplever ein verkelig først når ein tar i bruk programmet Kontakt/Kontact, som integrerer e-post, kalender (kan gjerne brukast til timeplan og lekseoversikt, med forskjellige kalendrar / kombinasjoanr av kalendrar for ulike klassar, og kan lett eksporterast til nettsider), njuslesar, dagbok, vêrmelding, nyheitslesar (RSS-lesar), med meir.
La meg skissera eit eksempel:
Samandrag-sida i Kontakt (den som vert vist når du startar programmet) kan visa følgjande:
Vêrmelding for Bergen Siste nytt frå Bergens Tidende Oversikt over nye og ulesne e-postar Oversikt over dei neste gjeremåla (lekser?) som må gjerast, med dato og klokkeslett (desse kan markest som for eksempel halvgjort) Oversikt over neste hendingar (fotballtrening om fire timar) Oversikt over kven som har fødselsdag dei neste 7 dagane Oversikt over merkedagar framover
E-postprogrammet kan brukast til å lesa e-post. KMail har ein del små, smarte funksjonar eg set pris på, som eg ikkje har sett i andre program. For eksempel vil kamuflerte e-postadresser (der ein f.eks. har bytt ut @ med (at)) automatisk dekamuflerast ved kopiering og innliming. Og viss ein (i nyaste KMail) sender ein e-post der ein nemner eit vedlegg, men har gløymt å legga det ved, får ein varsel om dette. Elles kan programmet bruka automatisk arkivering/filtrering av e-post til ulike mapper, og støttar òg dei fleste spamfiltera.
Adresseboka har informasjon om alle elevar (ev. berre dei i klassen til eleven), med kontaktinformasjon. Adressebøker kan lagrast på mange ulike plassar (lokalt, sentral, FTP, IMAP &c.).
Njuslesaren kan brukast til å ha lokale (for kvar skule) diskusjonsgrupper.
Kalenderen inneheld komplett timeplan for alle, med oversikt over lekser, innleveringar (med frister, som forandrar farge viss ein er for sein), automatiske påminningar som sprett opp på skjermen ei viss tid før kvar hending (om og når og korleis kan velja), fødselsdagar (desse vert automatisk henta frå adressebok når du kryssar av for eit programtillegg). Fridagar som 17. mai og liknande vert automatisk markert som dette, både i timeplanen og i kalenderen (som «raude dagar»). Ein kan visa oversikt over kvar dag, neste tre dagane, kvar arbeidsveke, veke eller månad. Ulike aktivitetar kan ha ulike fargar. Kalenderen er òg integrert med KMail, og kan brukast til å avtala «møter» som passar for alle (ein Kolab-tenar er nok grei å ha, men alt kan gå via KMail om nødvendig). Alt kan for øvrig skrivast ut, i mange flotte format.
I notatprogrammet kan ein legga til små notat.
I dagbokprogrammet kan ein skriva si eiga privat dagbok.
Med synkroniseringsprogrammet kan ein synkronisera blant anna kontaktinfo med ulike mobiltelefonar (dette blir betre i framtidige KDE-versjonar).
Med RSS/Atom-lesaren kan ein kjapt og lett lesa siste nytt frå mange nettaviser, nettsider, og anna (intranett?).
Kan legga til at alle Kontakt-programma er basert på *opne standardarar* (adressebøker vert for eksempel lagra i vCard-formatet, som bør vera støtta av det meste som har med adresser å gjera), og kalenderen vert lagra i iCal- eller vCal-formatet, og dei har i tillegg omfattande importerings- og eksporteringsmuligheitar.
Oppsummert, Kontakt er eit genialt program, som bør takast i bruk av dei fleste, ikkje minst i skulen!