Hei
No har eg tilbakestilt orddatabasen (hadde heldigvis tatt vare på ein kopi med Latin1), kjeldefila var øydelagt.
Eg har også fått inn ein del e-post frå folk som ynskjer å vere med. Eg har lagt dei inn i korrekturlesarlista, så dei skal få e-post i morgon.
Ein ting som enno ikkje fungerer er viss folk sender inn ein e-post som er MIME/multipart (typisk html-melding). Men det øydelegg ingenting, får berre ein merknad i loggen «Content type is not text/plain».
Det som hadde vore fint å lage er eit filter som standardiserer litt ulike stave/skrivemåtar på ordklassar, ordbøyingar og andre felt. Eg ser at danskane har dette, men det er programmert i ada og er ferdigkompilert. Kjelda har eg ikkje sett på enno. Dette tar vi etterkvart når vi ser kva som havnar i databasen.
Eg har lagt pressemeldinga ut på linux1.no :)
Håvard