Fredag 6. februar 2009 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Ei anna kjelde kan vera omsettingsfilene våre til KDE på bokmål og nynorsk.
Eg har no laga eit enkelt nynorskkorpus av desse, basert på «setningsliknande» tekstar, dvs. tekstar med «. » og utan «&». Det er på 90 000 ord. Ein kan lett henta ut ei delmengd av desse. Her er 5 tilfeldige eksempel (med iallfall to stavefeil!):
Du fuska, så det gjeld ikkje som ein rekord. ;)
Kodaren vart avslutta med ein feil. Kontroller at fila vart oppretta.
Her kan du oppgje kor lenge hendingar skal vara som standard. Dette vert brukt når du ikkje oppgjev noko sluttid.
Her kan du velja på kva dato kalenderen skal starta. Den valde datoen vert den første datoen i kalenderen som vert sett inn. Du kan òg velja ein dato frå eit dialogvindauge ved å trykkja «Vel dato».
Spesielt flagg. Den nøyaktige tydninga av flagget ser du i kolonna til høgre.