Den 30. nov. 2015 22:26 skreiv Petter Reinholdtsen:
I Freedombox-prosjektet vurderes <URL: https://hosted.weblate.org/ > som alternativ til Transifex som webbasert oversetterverktøy. Er det noen her som har erfaring med det? Er det effektivt?
Tja, samanlikna med kva? Eg har testa det, og i likheit med alle andre slike nettbaserte omsettingsverktøy er det veldig mykje mindre effektivt enn eit skikkeleg lokalt omsettingsverktøy, som Lokalize. Når det er sagt, har det ein brukbar Zen-modus, som hjelper mykje på når det gjeld effektivitet.
Når eg testa det, hadde det ein alvorleg feil ved opplasting av omsettingsfiler, der omsettingskommentarar vart fjerna. Ein skulle visstnok fiksa dette. Eg har ikkje testa det på nytt no, men observerer iallfall at omsettingskommentarar vert fjerna ved *nedlasting*, noko som er like alvorleg.
Av slike system eg har sett på (eg har vel brukt dei fleste, trur eg), er nok dette det mest lovande. (Men konkurransen er ikkje spesielt hard. Du nemner Transifex, og det kan vel vanskeleg verta verre enn det makkverket.) Og brukargrensesnittet ser i det minste nokolunde moderne ut.
Men for oss som ikkje har uendeleg mykje fritid å ta av, vil framleis bruk av Lokalize (og andre verktøy me kan køyra lokalt) vera svært mykje meir effektivt, og gje høgare kvalitet på omsettingane.