Sundag 09 november 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Mistenker dog at problemet er størst på nynorsk, etter å ha tittet etter hvor mange ord med dobbel a som finnes i stavekontrollgrunnlaget for bokmål (521) og nynorsk (5154).
kva slags ord er dette? eg trudde dette berre ville gjelde særnamn -- i alle samnamn vil det vere korrekt å konsekvent sortere "aa" som "aa"
Det er mange. Inkjekjønnsord som sluttar på a (dramaa, dataa), hankjønnsord som sluttar på a (ciabattaar), samansette ord (ekstraarbeid, dataanlegg) og ymse enkeltord (kanaanittisk).
Men ikkje minst er det filnamn som kanskje er det sorteringa vert brukt mest på. Eg likar for eksempel ikkje at musikkfilene i AAC-format vert sorterte som *.åc, langt etter MP3-filene, at utviklingsfiler som libplasmaappletdialog.so vert handtert som om dei heitte libplasmåppletdialog.so, at OpenDAAP vert til OpenDÅP, og so vidare. Eit kjapt søk på disken gav over sju tusen filnamn som inneheldt aa, og berre ei handfull av desse kunne sorterast som «å» (blant andre nokre musikkfiler av Ivar Medaas, og oppsettfilene til diskusjonsgruppa no.fag.spraak.fagord).
Elles kan eg melda at eg òg har opplevd direkte negative konsekvensar av sorteringa, der eg trudde eg hadde mista filer som berre var feilsorterte (hugsar ikkje namna, men det var nok filer som begynte på «aa», og derfor vart sorterte til slutt, etter alle dei andre alfabetet).
Dei gjeldande sorteringsreglane bør med andre ord endrast.
Personlig synes jeg det er korrekt for bokmål at aa sorteres som å.
eg synest ikkje det bør vere noko skilje mellom nynorsk og bokmål her.
Einig.