Kjetil Torgrim Homme kjetilho@linpro.no wrote (>):
Tarjei Vagstol tarjei.vagstol@nm.no writes:
Eit sterkt press om å vera konform til visse former innanføre allereie gjeldane rettskriving, vil òg vera med å lukka omsetjarmiljøet.
Einig. Så lenge språket er godt, er formene som vert brukt mindre viktig. Likevel er det i alle fall nokon av oss som er fleksible (sikkert Gaute også, om enn ikkje når det gjeld infinitivsforma :-), så ei felles norm og ei _oppmoding_ om å fylgje henne kan ikkje skade. Trur eg.
Ja visst er eg fleksibel, og eg trur det er lurt at me set opp språklege retningslinjer. Eg er òg einig med Tarjei i at det ikkje er så farleg om eitt program skriv 'me' og eit anna 'vi'.
I KDE har eg lagt vekt på å følgja læreboknormalen, med dei formene som er naturlege i mi dialekt der ein kan velja.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes