GIMP 2.8 bruker m.a. gtk20.mo for omsetjingar. Eit av innslaga i filmenyen har eg kalla «Tilbakestill». (Har ikkje kontrollert dette, men i alle fall tidlegare bokmålsomsetjingar brukte «Forkast» om det same). Det kommandoen gjer er å laste inn bildet på nytt til bildevindauget. Eksisterande bilde blir overskrive.
Når kommandoen blir brukt, kjem det opp eit vindauge som forklarer at om du held fram, vil all informasjon om det eksisterande bildet forsvinne og med spørsmål om du vil dette. Knappen som gjer at funksjonen blir utført, har i gtk20 fått namnet «_G_å tilbake», med understreka G. Er det råd å endre dette til t.d. «Utfør» eller noe liknande? «Gå tilbake» kan verke litt kryptisk for ein del brukarar.
Eg reknar med at desse filene blir brukte av fleire program, så det er kanskje ikkje så enkelt. Eg har difor ikkje søkt etter .po-filene med tanke på evt. endringar. (Eg har konto på gnome.org).
GIMP 2.8 er ikkje heilt feilfri, så noen av dei andre problema med bruk av gtk20, atk10, glib20 osv. får vente til 2.8 er betre utvikla.
Helsing Kolbjørn Stuestøl