Karl Ove Hufthammer wrote:
Sundag 18. november 2007 skreiv Axel Bojer:
kde-3.5.5-mappa har eg ingenting med, so der får andre komma med anbefalingar.
Hei
kde-3.5.5-mappa er det eg som har rota med. Denne mappa skal ein i utgangpunktet ikkje gjere omsettingar i. Viss ein finn feil eller vil leggje til omsettingar i kde3, så skal det gjerast i kde3-stable.
kde-3.5.5 inneheld skript for å hente oppdaterte omsetjingar frå kde3-stable og oppdatere kde-3.5.5 (for bokmål og nynorsk, men i prinsippet kan vi gjere dette for andre språk også). Det inneheld også byggeskript for å bygge nye pakkar til kde-3.5.5 som er versjonen som blir brukt i Debian/Etch, dvs. siste versjon av skolelinux.
Det kan vere at nokre tekststrengar som er i kde-3.5.5 er fjerna i kde3-trunk. For desse strengane må ein inn i kde-3.5.5 treet og gjere oppdateringar manuelt. Men dette skal berre gjerast for alvorlege feil som blir meldt inn.
Helsing Håvard