Karl Ove Hufthammer skreiv 11.02.2021 20:22:
Ut frå dette sluttar eg at Nynorskordboka og Bokmålsordboka kjem til å bli gitt ut under CC-BY lisens *tidlegast* 23. desember 2023. Det vert i så fall ei fin julegåve. Når dei ordbøkene tilgjengelege, kan me kanskje arbeida med å få dei inn i dei ulike frie programma for (offline)oppslag i ordbøker/ordlister?
No er litt meir informasjon tilgjengeleg: https://www.uib.no/ub/fagressurser/spesialsamlingene/142334/lisens-bokm%C3%A...
Fram til 23. desember 2021 er ordbøkene tilgjengelege under ein ikkje-open lisens, men ein lisens som samtidig tillèt ein god del. Ein kan gjera det meste, så lenge ein berre gjer det digitalt, ikkje på trykk. Etter denne datoen vert dei tilgjengelege under CC BY 4.0-lisensen. Tilgangen vert gjeven via API, så ein kan, så vidt eg forstår, ikkje lasta ned ordbokfilene.