Sundag 18 desember 2005 10:49 skreiv Petter Reinholdtsen:
Legg merke til HYPHENATION og COMPOSITE-WORD. Hvorfor brukes ikke samme skilletegn begge plassene. Dokumentasjonen på URL:http://no.speling.org./filformat.html forteller om disse feltene:
Eg har berre nokre tekniske kommentarar til dette formatet:
For meg er det det same kva teikn som vert brukt for definering orddelane i samansette, men formatet burde vel vera meir framtidsretta, og støtta
1 Fleirnivåorddeling 2 Trippelkonsontantar ved orddeling 3 Lause ordbøyingar
Med fleirnivåorddeling meiner eg prioritering av orddelingar (både for HYPHENATION og COMPOSITE-WORD), slik at «barnehage-tante» vert rekna som ei betre orddeling enn «barne-hagetante». Ein annan nemnte ordet «sykehjemsplass», som kunne skrivast slik:
syke=2hjems=1plass
Støtta for fleirnivåorddeling (på ordlistenivå) er nødvendig for bruk i program med veldig gode orddelingsalgoritmar.
Det andre som hadde vore fint å ha, er automatisk støtte for trippelkonsonantar ved orddeling:
bussjåfør --> buss-sjåfør fjellandskap --> fjell-landskap
Eg har ikkje sett nøye på formatet, men stemmer det at det ikkje støttar «lause bøyingar» av ord? På nynorsk har me for eksempel ordet «menneskja», som berre eksisterer i bestemt form fleirtal.