Hei igjen
Ja, fikk feilmelding om at vedlegget var for stort, men tenkte jeg bare ville vente å se om du enten svarte meg direkte eller om jeg måtte sende inn på nytt.
Uansett, jeg regnet med det kanskje var noe deling av program(mer) ute og gikk, og at det var årsaken. Da tar jeg den som neste. Og deretter "Discover" :)
Hvis det er noen programmer du/dere mener bør prioriteres oversatt til bokmål, så tar jeg gjerne imot en liste over hvilke, slik at de "viktigste" kommer på plass først. Da tenker jeg på slike program som deles av andre og lignende.
Ha en fortsatt fin dag :)
Med vennlig hilsen Dan Åsen Hansen
tir. 15. sep. 2020 kl. 11:48 skrev Karl Ove Hufthammer karl@huftis.org:
Dan Åsen Hansen skreiv 15.09.2020 07:06:
Av ren nysgjerrighet, jeg har vært med og oversatt Gwenview til norsk bokmål, men selv om Lokalize sier at programmet er 100% oversatt dukker
det
fortsatt opp både engelsk og nynorsk tekst. Noen forklaring på det? Se bildet for hva jeg mener.
Vedlegget var (altfor!) stort, så det vart blokkert av lista. Men som listeadministrator ser eg du viser til «Hjelp → Om GwenView»-vindauget. Det er eit vindauge som er felles for alle KDE-program, så i staden for at ein må omsetta tekstane om igjen og om igjen, hundrevis av gongar (éin gong for kvart program), er dei samla i éi fil (og tilsvarande er kjeldekoden for vindauget samla i eitt bibliotek).
Akkurat dei tekstane du nemner, ser det ut at du finn i fila «kxmlgui/kxmlgui5.po». Berre 62 % av tekstane er omsette til bokmål (100 % til nynorsk). Tar svært gjerne imot ei oppdatert bokmålsomsetting.
Tilsvarande samlingar med «standardtekstar» gjeld òg andre standardelement i program, for eksempel programmenyen med «Fil | Rediger | Vis | …».
Videre ser jeg at selve programmet "Discover" er oversatt til "Oppdag".
Er
det noen grunn til det? Jeg tenker, er ikke "Discover" et navn, og ikke burde oversettes?
Omsetjing av programnamn er kort diskutert i avsnittet «Omsetjing av programnamn» i dei språklege retningslinjene våre: http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html
Her er eg einig i at programmet bør heita «Discover» òg på norsk. (Det hadde vore noko anna om det «heitte» «Discover New Applications» e.l.)
På nynorsk heitte det i ein periode «Oppdag», men det vart meir forvirrande enn oppklarande, så eg gjekk over til å kalla det «Discover». Dei fleste omsettingane ser ut til å ha gjort det same:
https://l10n.kde.org/dictionary/compare-translations.php?package=discover&am...
Opphavleg heitte programmet «Muon Discover», og det var då bokmålsomsettinga vart gjort. Den aktuelle engelske teksten som skulle omsettast, var då «Discover», utan nokon kontekst, så det var ikkje klart at det viste til programnamnet (og eg veit ikkje om det gjorde det, heller).
Bokmålsomsettinga har ikkje blitt oppdatert sidan 2015, og berre rundt halvparten av dei til saman 485 Discover-tekstane er omsette. Merk at «Discover» i .desktop-fila *ikkje* er omsett (eller meir presist, omsettinga er merkt som uklar), så programmet vil framstå med namnet «Discover» i oversikt over program (for eksempel i programmenyen i Plasma eller i programlistinga *i* Discover).
Heile 485 tekstar, tenker du kanskje? Brukar ein programmet, ser det ut til å berre vera kanskje 10–20. Men tekstar i dataprogram er som isfjell; det som er skjult er alltid mykje meir enn det som er synleg. Eit lite program kan for eksempel ha hundrevis av feilmeldingar.
Tar gjerne imot oppdatert / meir komplett bokmålsomsetting av Discover. Ein finn omsettinga som sju filer i undermappa «discover» i SVN. Bruk helst jamførsomsettings-funksjonen i Lokalize til å ta utgangspunkt i nynorskomsettinga, som er nesten (99 %) komplett.
Og viss nokon ikkje anar kva Discover faktisk *er*, her er ei skildring, henta frå programoppføringa i – nettopp – Discover:
Discover hjelper deg å finna og installera program, spel og verktøy. Du kan søkja etter program eller bla gjennom programkategoriar, sjå skjermbilete og lesa brukaromtalar for å finna det perfekte programmet. Men Discover kan du installera program frå ulike kjelder, blant anna standard pakkebrønnar for operativsystemet, Flatpak-depot, Snap-butikken og AppImages frå store.kde.org. Discover lèt deg òg finna, installera og handsama programtillegg for Plasma og andre KDE-program.-- Karl Ove Hufthammer _______________________________________________ E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org